Hei! Eg heiter Frida.

For tida bur eg på Askøy med mann, baby og skilpadde. Eg elskar jobben min, roller derby og matlaging. Myers & Briggs-personlegdomstypen min varierer mellom INFP og ENFJ annakvar gong eg tek testen.

Min absolutte hovudgrunn og motivasjon for å illustrere og male er at eg er lidenskapelig interessert i kommunikasjon. Per dags dato utforskar eg korleis eg kan formidle sterke narrativ, og med tida vil eg bruke denne kunnskapen til å illustrere tekst (både den visuelle, audielle og skriftlege typen).

Utdanninga mi omfattar eit år med visuell kommunikasjon, ein bachelorgrad i medievitenskap samt årsstudium i interkulturell forståelse, religionsvitenskap og praktisk pedagogikk. Etter endte studier har eg jobba som lærar i tre år før eg satsa fullt på illustrasjon og kunst frå hausten 2022.

Kontakt meg